Hopp til hovudinnhald

Vaffelhjarte

Av Maria Parr

Trille er sikker på at naboen Lena Lid er bestevennen hans. Men han er ikkje sikker på om han er bestevennen til Lena Lid. I denne boka følgjer vi to svært oppfinnsame niåringar gjennom liv og vaffelrøre eit heilt år. Ofte går det litt over styr i den vesle vika deira. Og innimellom alt leven og latter fortel Trille lågmælt om alvor og sorg i eit ni år gammalt liv, og om redsla for å miste dei han er glad i.

Maria Parr er fødd i 1981 på Fiskå i Vanylven. Ho debuterte med Vaffelhjarte i 2005, og fekk sitt store gjennombrot med Tonje Glimmerdal i 2009. I 2017 gav ho ut boka Keeperen og havet. Bøkene til Maria Parr er omsette til mange språk, og ho har også vunne ei rekkje internasjonale prisar. Ho har mastergrad i nordisk litteratur frå Universitetet i Bergen, og er utdanna lærar.

Vaffelhjarte

Av Maria Parr