Hopp til hovudinnhald

Heksa

Av Atle Hansen

På veg til skulen må Konrad gå forbi huset på haugen. Her finst dei utrulegaste og mest freistande epla ein kan tenkja seg, og Konrad berre må ta eit. Men inne i huset bur ei heks som tek han til fange. Etter det folk seier, har ho drepe son sin og gravlagt han i myra bak huset.

Atle Hansen er fødd i 1954, og er forfattar, musikar og journalist. Han har skrive fleire barnebøker og vaksenromanar, gitt ut fleire plater og fekk i 1996 Vinjeprisen for nynorsk journalistikk. Han debuterte som forfattar i 1997 med barneboka Sjørøvar-Jenny og Einauge-Bill.

Heksa

Av Atle Hansen